Annankvar tysdag vil frivillige lage middag som du kan kome og ete. Det vil vere enkel kvardagsmat til ein billig penge rett etter endt arbeidsdag.
Er du aleine betaler du 75 kr, er du ein familie betaler du 150 kr for familien.

Målet med dette er å skape ein fast møteplass for alle som bur i eller utanfor kommunen. Her kan ein slå saman fleire behov, ferdiglaga middag og sosialt fellesskap!
Det vert sett opp eit teiknebord for ungane.

Første gonga vert tysdag den 20.03. Me opner for servering kl 16.30 og held på til ca 18.00.
Me håper du kjem!

Med venleg helsing

Anne Fauske
Bygland frivilligsentral