Mange som ikkje søkjer
Erfaringar frå tidlegare år viser at det er mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som t.d. Norsk Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskerforbund.  Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknadar frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsstilsynet blir avvist.

Vi ønskjer å nå fleire
Det er også ein del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, t.d. organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. Vi prøver difor å nå ut til desse gjennom kommunane og fylkeskommunane, og bed om hjelp til å formidle informasjonen til lag og organisasjonar i distriktet.

De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar HER. Her gir vi også informasjon om viktige endringar i forskriften som gjev effekt frå søknadsåret 2019.

Om de lurar på noko, ta kontakt med oss på e-post postmottak@lottstift.no eller på telefon 57 82 80 00.

Minstegrenser
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i totale driftskostnadar, medan minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 7 000 kroner i søknadsberettiga meirverdikostnadar. Underledd slepp å ta omsyn til minstegrensene fordi dei vil inngå i søknaden frå sentralleddet.

Søkndsfrist: Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2019.

Sentralledd har tidlegare frist
Merk at sentralledd set eigne fristar for innrapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Må vere registrert i Frivillighetsregisteret
Alle mottakarar av mva.kompensasjon  vere registrert i Frivillighetsregisteret innan 1. september 2019. Dette gjeld og dei som søkjer via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.