Friluftslivets år 2015 er ei nasjonal markering av norsk friluftsliv. Året gjev oss moglegheit til å vise fram breidda av friluftslivet. Friluftslivets år 2015 er ein del av Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv som Klima- og miljødepartementet presenterte i august 2013.

Opningsdagen for året er den 13. januar, og dagen blir sjølvsagt og feira her i Bygland.

Kl 16:00 - 17:00 vil Bygland Jeger- og Fiskarlag ha stand utanfor Joker i Bygland sentrum. Her vil det bli servert kaffe og peparkaker, og ein kan sitte og kose seg rundt bålpanna.

I tillegg skal ordførarane i Setesdal m.fl på overnattingstur frå 13.  - 14. jaunar.
Her er programmet for den samlinga:

Kl 16:00 middag i friluft ved Furuly på Evje
Kl 17:00 Opning og appellar frå ulike organisasjonar
Kl 18:00 Ordførarane køyrer til Høgås på Evje der det står lavvo som ordførarane skal overnatte i
Kl 19:00 Ordførarane reiser til Himmelsyna
Kl 22:00 - 23:00 reiser dei tilbake til lavvoen