Det finns to frikortordningar i Noreg, ei for egenandelstak 1 og ei for eigenandelstak 2. Dei gjeld for ulike tenester. Har du fått frikort i den eine ordninga, kan du ikkje nytte det i den andre ordninga. Ordninga med frikort eigenandelstak 1 er allereie automaisert, og frå nyttår blei og ordninga for frikort eigenandelstak 2 automatisert.

I frikort eigenandelstak 2 inngår eigenandelar for:

  • undersøkelse og behandling hos fysioterapeut med driftstilskot eller fastlønna fysioterapeut i kommunen
  • enkelte former for tannbehandling
  • opphald ved rehabiliteringsinstitusjonar som har driftsavtale med regionalt helseforetak
  • behandlingsreiser til utlandet i reg i av Oslo universitetssykehus - Rikshospitalet

Dette er nytt frå 1. januar 2017:

  • Du får frikort eigenandelstak 2 utan å søke om det. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigenandelstaket er nådd
  • Eigenandelstaket for frikort eigenandelstak 2 for 2017 er 1 990 kr
  • Har du betalt for mykje, blir beløpet du har krav på automatisk tilbakebetalt
  • Aldersgrensa for eigenandelsfritak er heva frå 12 til 16 år
  • Alle pasientar må betale eigenandel for behandling hos fyrsioterapeut - unnateke barn under 16 år og personar med yrkesskade. Dette blei vedteke av Stortinget ved handsaming av statsbudsjettet for 2017
  • Du kan sjølv følge med på dine registrerte eigenandelar ved å logge inn på helsenorge.no

Frikort eigenandelstak 1 - nytt eigenandelstak for 2017: 2 205 kroner
I frikort eigenandelstak 1 inngår eigenandelar frå lege, psykolog, poliklinikk (sykehus), røntgeninstitutt, pasientreiser og medisiner og utstyr på blå resept. Dette frikortet får du automatisk i posten innan tre veker når du har betalt over 2 205 kroner i eigenandelar i 2017.

Meir informasjon finn du på helsenorge.no/frikort