Over 11 000 barn og unge i Noreg bur i fosterheim og talet aukar frå år til år. I den nasjonale rekrutteringskampanjen for fosterheimar som startar denne veka, blir det leita etter folk med rom for ein til i livet sitt. 

Rundt 320 barn i Noreg venter på fosterheim i dag. Dette er barn med litt ekstra bagasje som treng trygge, gode og rause fosterforeldre som har «rom for ein til». Det blir søkt spesielt etter fosterheim for eldre barn og ungdom, til sysken, til barn med etnisk minoritetsbakgrunn og fosterheim blant slekt og i nettverk.

Kvart år er det trong for rundt 1000 nye fosterheimar i Noreg, og trongen for nye fosterheimar vil auke i åra som kjem. Fosterheim er det viktigaste barneverntiltaket for barn som ikke kan bu heime, og åtte av ti fosterforeldre tilrår andre å ta i mot eit barn.

Målet med kampanjen er å synleggjere trongen for fosterheimar og å senke terskelen for å ta kontakt.  Alle som vurderar å bli fosterheim, kan saman med Fosterhjemstjenesten i Kristiansand finne ut om dette er noko for deg og din familie.

fosterhjem.no finn du mykje bakgrunnsinformasjon om å vere fosterforeldre, informasjon om kurs og møter og ikkje minst ei oversikt over barn som treng fosterheim.

Oversikt over kurs og informasjonsmøter i Kristiansand finn du her.

Vil du vite meir?

Ta gjerne kontakt med oss i Fosterhjemstjenesten i Kristiansand:

Telefon: 466 17 900

E-post: kristiansand.fosterhjemstjeneste@bufetat.no