I samband med utbetring av rundkøyringa på Byglandsfjord, kom det førespurnad frå Statens vegvesen om Bygland kommune ønska å utsmykke rundkøyringa. Det har kommunen takka ja til. Rundkøyringa er innfallsporten til kommunen, og vi ønskjer difor å invitere alle innbyggjarane til å kome med innspel, forslag og idear til motiv. Ei politisk samansett gruppe vil velje motiv ut i frå dei innkomne forslaga.

Gjennom ulike planarbeid i kommunen, er det sett på kva som er identiteten til Bygland. Når det gjeld Bygland sitt særpreg og eigenart er fjorden, heia, bleka, stasjonsområdet, samferdsel, folkemusikk og landbruket stikkord som er nemnt. Den som kjem med innspel står fritt i val av tematikk.

Det er mogleg å kome med innspel via vårt digitale skjema under, via e-post eller pr. brev.

Send forslaget ditt til post@bygland.kommune.no eller til Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland innan 22. oktober 2021