Det betyr at det ikkje lenger er lov å opphalde seg på fritidseigedom som er utanfor din heimkommune.

Unntaket er familiar som har ein smitta i husstanden, der kan dei friske familiemedlemane som må i karantene opphalde seg på hytta. Den som er smitta må halde seg heime.

Det er ikkje høve til å søke dispensasjon frå forskrifta.

Forskrifta gjeld førebels fram til 3. april, men kan bli forlenga.