Formannskapet fekk med eigne augo sjå hallen som er under oppføring. Dei fekk sjå både ute og inne, og dei fekk ei kort orientering om om framdrifta.

Med på synfaringa var og rådmann og stableiar økonomi og næring.

Presisering: Me gjer merksame på at representanten Hallstein K. Homdrum sjølvsagt hadde verneutstyr på seg, men at han rakk å ta det av før fotografering...

På biletet frå venstre: Stabsleiar Frantz A. Nilsen, fungerande ordførar Vidar Frøysnes, varamedlem Sigrid Greibrokk, medlem Vigdis Beisland, medlem Olav Neset, medlem Hallstein K. Homdrum og rådmann Aasmund Lauvdal.