Stad: Årdalshallen 
Tidspunkt: Tysdag 10. desember kl 17:30 -19.00
Arrangør: Bygland kommune
 
Kor skal ein ny turveg på Byglandsfjord ligge?
 
Vi ønskjer å få innspel frå dykk som bur på Byglandsfjord, om kor det er best å etablere ein turveg og kva slag aktivitet ein skal legge til rette for? 
 
Vi ønskjer å legge vekt på:
Idrett og friluftsliv for alle
Fysisk aktivitet, helse og trivsel
Tilrettelegging i nærmiljøet
Friluftsliv i pakt med naturen (miljøvenleg tilrettelegging)
 
Heilårs turtraséar må planleggjast for tilrettelegging for flest mogelege brukarar og funksjonar.
 
Dette kan vere:
trasé som stimulerer til idrett og friluftsliv for alle både unge og gamle, trena og utrente – også for personar med ulike funksjonshemmingar
mosjons- og treningsløype med faste dekke for brukarar med rulleskøyter, rulleski og rullestol
skiløype der dei klimatiske forholda ligg til rette for det med natursnø
turtrase for gåande, også dei med barnevogn og for jogging og sykling
turvegar med ferdselsåre som bind saman bustadområde, eller som bind saman bustadområde med nærfriområde og idrettsanlegg eller som turtrasé ut av busetnad til utmark eller sjø- og strandareal 
turveg som tener som samband mellom for eksempel bustad, skule, arbeidsstad eller sentrumsfunksjonar