Folkehelse.JPG

Fylkeskommunane Aust-Agder, Vest-Agder og Vestfold har gjeve Folkehelseinstituttet ansvar for å gjennomføre undersøkinga i dei tre fylka. Det er TNS Gallup som er vald til å gjennomføre sjølve undersøkinga.

6 000 tilfeldige personar i Aust-Agder vil få invitasjonsbrev og spørreskjema i posten. Den som får brevet, kan velge å svare på undersøkelsen anten via det tilsendte papirskjemaet, elektronisk på nett eller via telefon.

Resultatet av undersøkelsen blir gjort kjent i løpet av våren 2016, og vil danne grunnlag både for ny kunnskap og for vidare forsking om austegdene sine levekår, trivsel og helse. Resultata vil bli tilgjengelege per fylke, region (Knutepunktet, Setesdalsregionen og Østre Agder), samt dei største kommunane.

Undersøkelsen er godkjent av Datatilsynet, og det vil ikkje vere mogleg å kjenne att enkeltpersonar i statistikk eller forsking frå undersøkinga.

Undersøkelsen blir finansiert av dei tre fylkeskommunane som deltek: Aust-Agder, Vest-Agder og Vestfold.
Målet for undersøkelsen er at kommunane og fylkeskommunane skal kunne ta best mogleg avgjersle for å fremje god folkehelse i eigen region.

Dette er ei viktig undersøking, og me voner at alle som mottek brevet tek seg tid til å svare!