Ein av dei tre som er påvist bur i Evje og Hornnes kommune. To bur i Bygland. Alle smitta er, i tråd med Folkehelseinstituttet sine anbefalingar, tekne hand om og satt i heimeisolering. Smitten kan sporast tilbake til eit område utanfor Noreg med utbreidd spreiing. Personar som har vore i nærkontakt med dei som er smitta, har i så stor grad som mogleg blitt varsla og satt i heimekarantene.

Her følgjer Folkehelseinstituttet sine råd til personar som er i heimekarantene

Heimekarantene er aktuelt for dei som ikkje har symptom på covid -19, men har hatt kontakt med eit stadfesta tilfelle eller har vore i land utanfor Norden siste 14 dagar.

Det er viktig at du er årvåken på utvikling av symptom som hoste, halsbetennelse, kortpust eller feber. Om du er i nærkontakt til ein person med påvist covid -19 og får symptom, skal du ringe legen.

Du kan gå ut av eigen heim, men blir anbefalt å unngå nær kontakt med andre. Det omfattar å:

  • ikkje gå på jobb eller skole
  • unngå reiser og ikkje ta offentleg transport
  • unngå andre stader der ein lett kjem nær andre

Då  nærkontakter ikkje har symptom, reknar dei å utgjere ein låg risiko for vidare smitte. Det er difor ikkje naudsynt for deg og medlemmene i husstanden å følgje spesielle råd for beskyttelse ut over handhygiene og andre grunnleggande smitteverntiltak. God handhygiene med hyppig handvask med såpe og vatn blir anbefalt, spesielt etter toalettbesøk, før matlaging og før måltid.