Det endelege talet på førehandsrøyster vi har registrert i Bygland kommune er på 251.

'Etter at førehandsrøystinga er stengt, ser talla slik ut:

  • Førehandsrøyster mottatt på kommunehuset og Byglandsheimen samla: 223
  • Førehandsrøyster mottatt i post frå byglendingar som bur andre stader: 21
  • Førehandsrøyster mottatt og som blir sendte til andre kommunar: 7

Tilsaman har det 251 personar vore innom kommunehuset for å avgje røyst.

Det er 931 røysteføre i Bygland, og det vil då sei at 26,2% av byglendingane har valt å førehandsrøyste til dette valet.

Ver klar over at dette talet kan endre seg, det kan kome førehandsrøyster i posten. Vi må registrere alle som kjem i posten heilt fram til tysdag 12. Dei som kjem etter det vil ikkje bli rekna med.