Røystestad og legitimasjon
Du kan røyste på førehand i kommunar kvar som helst i landet. Difor kan du røyste i ein annan kommune enn der du bur/er manntalsført. Førehandsrøysta di blir sendt til den kommunen der du er manntalsført.

Me oppmodar dykk om å ta med legitimasjon.
Ta også med valkortet. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det sparar deg for noko tid.

Opningstider
Valstyret i Bygland kommune har fastsett slike opningstider for førehandsrøysting:

  • Kommunehuset (Sentrum 18)
    Måndag - fredag kl. 10:00 - 14:00 i perioden 12. august t.o.m. 6. september
  • Røysing andre stader
    Det er førehandsrøysting på Byglandsheimen. Tidspunkt for dette vil bli kunngjort.
  • Røysting heime
    Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan møte fram i vallokalet eller der førehandsrøysting går føre seg, kan du be om å få røyste der du oppheld deg. Du må i såfall ta kontakt med Bygland kommune på tlf. 37 93 47 00 innan 31.8.19.