Røystestad og legitimasjon
Du kan røyste på førehand i kommunar kvar som helst i landet. Difor kan du røyste i ein annan kommune enn der du bur/er manntalsført. Førehandsrøysta di blir sendt til den kommunen der du er manntalsført.

Me oppmoder dykk om å ta med legitimasjon.
Ta også med valkortet. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det sparar deg for noko tid.

Opningstider
Valstyret i Bygland kommune har fastsett slike opningstider for førehandsrøysting:

Kommunehuset (Sentrum 18):
Måndag - fredag kl 09:00 - 15:00 i perioden 10. august t.o.m. 8. september

Røysting andre stader:
Det er førehandsrøysting ved Byglandsheimen. Tidspunkt for dette vil bli kunngjort.

Røysting heime:
Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan møte fram i vallokalet eller der førehandsrøysting går føre seg, kan du be om å få røysta der du oppheld deg. Du må i så fall ta kontakt med Bygland kommune på tlf. 37 93 47 00 innan 31.8.17