Velg kor du vil ha fakturaen

Multikanal Evry sørger for at fakturaen blir sendt ut slik du, som kunde, har valgt å motta fakturaen knytt til digitale løysingar. Kommunen har ikkje høve til å endre dei digitale vala du har gjort.

Faktura i Vipps

Dersom du ikkje ønsker faktura i Vipps styrer du dette via Min profil inne på Vipps si side.  Der kan du slå av og på rekningar.

Les her korleis du slår av rekningar i Vipps

Faktura i Digipost

Får du fakturaene i Digipost bør gå inn på innstillingar på Digipost si side og krysse av for at du ønsker varsel via SMS eller e-post om at du har fått ein ny faktura.

Les meir på Digipost.no

eFaktura

Dersom du ikkje ønsker fakturaene i Digipost, kan det vere eit alternativ å opprette eFaktura. Ved oppretting av eFaktura-avtale med Bygland kommune i nettbanken er personnummeret ditt eFakturareferanse.

Faktura i posten

Dei som ikkje har valgt nokon av dei digitale løysingane vil fortsatt få fakturaene i posten.

Faktura for bedrifter

Bedrifter og organisasjonar, som kan ta imot faktura på elektronisk handelsformat (EHF) og som er registrert i ELMA, vil motta faktura i dette formatet som tidligare. Her er det ingen endringar.