• Kapittel 8 i barnehagelova skal sikre at alle barn har eit trygt og godt barnehagemiljø, fritt for krenkingar.
  • Barnehagane har ein aktivitetsplikt som krev at dei følgjer med på korleis barna har det, og undersøkjer og set inn tiltak når personalet har mistanke om at eitt eller fleire barn ikkje har det bra i barnehagen.
  • Alle som arbeider i barnehagen har plikt til å melde frå til assisterande tenesteleiar dersom dei får mistanke om, eller kjennskap til, at eit barn ikkje har det trygt og godt i barnehagen.
  • Det er innført skjerpa aktivitetsplikt dersom ein tilsett krenkar barn i barnehagen.
  • Tenesteleiar er ansvarleg for at barnehagen handterer og følgjer opp meldingar på ein ansvarleg måte.
  • Om du som forelder/føresett føler at barnehagen ikkje tar saka på alvor kan du melde frå til pedagogisk rådgjevar i kommunen; Ann Cecilie Andersen. Tlf.48 21 49 13