Er du i isolasjon?

Dersom du har sannsynleg eller påvist covid-19 må du isolerast, anten heime, i helseinstitusjon eller ein annan stad. Heimeisolering er for deg som har sannsynleg eller påvist covid-19, men som ikkje treng å ligge på sjukehus.

Dette gjeld for heimeisolering:

  • Du skal ikkje gå ut av heimen, men kan opphalde deg i eigen hage eller på eigen balkong
  • Du må få hjelp av andre til å gjere naudsynte ærend som t.d. å handle inn matvarer
  • Hald minst 1 meter avstand til dei du bur saman med når det er mogleg
  • Når du er nærmare andre husstandsmedlemmer enn 1 meter, er det anbefalt at du brukar munnbind dersom helsetilstanden tillet det. Alternativt er det anbefalt at husstandsmedlemmene brukar munnbind når dei er nærmare den sjuke enn 1 meter. Barn under 12-13 år er ikkje anbefalt å bruke munnbind. For barn under 2 år er bruk av munnbind fråråda
  • Om mogleg, ha eige rom og bad. Bruk eigne baderomsartiklar, som t.d. handkle
  • Avtal med legen din korleis du skal følge med på eigen helsetilstand
  • Ring helsevesenet om du har behov for legehjelp fordi sjukdomen din blir forverra (t.d. ved pustevanskar) eller av andre årsaker. Fortel at du har covid-19 når du ringar. Då kan dei setje i verk tiltak for å hindre at andre blir smitta. Du bør ikkje bruke offentleg transport
  • Reingjer heimen hyppig og særleg overflater slik som baderomservant, toalett, dørhandtak og kjøkkenbenk. Vanlege reingjeringsmidlar kan brukast. Brukte tekstilar og sengetøy blir lagt direkte i vaskemaskina og blir vaska på minimum 60 grader
  • Dei du bur saman med, skal vere i karantene
  • Dei du bur saman med, må vere nøye med handhygiene med hyppig handvask med såpe og vatn. Hugs særleg å vaske eller desinfisere hendene når du forlet romet der den som er i heimeisolasjon oppheld seg, og etter kontakt med den som er heimeisolert eller utsyr vedkomande har brukt, og før du skal ut av huset
  • Legen vurderer kor lenge du må vere isolert. Ein må minst vere isolert 8 dagar etter at ein blei sjuk

Er du i karantene?

Dei som skal i karantene er i utgangspunktet friske, men har vore i ein situasjon der dei kan ha blitt smitta. Dette gjeld nærkontaktar til personar med covid-19 og personar som har vore på reise i eit område med mykje smitte. Desse skal vere i karantene i 10 døgn for å hindre at dei smitter andre før dei sjølv får symptom

For nærkontakter og personar i innreisekarantene gjeld:

  • Du skal vere i karantene i 10 døgn etter siste eksponering eller etter at du kom heim til Noreg. 
  • Du kan omgå dei du bur saman med som normalt, men unngå besøk
  • Du skal ikkje gå på skole, jobb, barnehage eller andre aktivitetar utanfor heimen
  • Du skal ikkje ta lange reiser innanlands
  • Du skal ikkje ta offentleg transport
  • Du skal unngå stader der det er vanskeleg å halde avstand
  • Du bør som hovudregel ikkje oppsøke offentlege stader, slik som butikkar og kafear. Ved mangel på alternativ, kan du gå ut for å gjennomføre naudsynte ærend i butikk eller apotek, men sørg for å halde tilstrekkeleg avstand (minst 1 meter) til andre og unngå kø
  • Du kan gå tur ute, men hald minst 1 meter avstand til andre
  • Ver vár på eigne symptom. Dersom du får feber eller luftvegssymptom, skal du isolere deg og la deg teste snarast mogleg
  • Ved positiv test skal du over i "heimeisolering"

Under karantene må du opphalde deg på ein eigna stad:

  • Det vanlegaste er å gjennomføre karantene i eigen heim. For at ein annan opphaldsstad skal eigne seg, må det vere mogleg å unngå kontakt med andre enn dei du vanlegvis bur saman med
  • Dette betyr at overnattingsstader der du må vere saman med andre gjester, ikkje er eigna for karantene. Opphald i campingbil, -vogn, telt eller hytte på campingplassar utan eige bad/toalett og kjøkken blir ikkje godtatt som adresse for gjennomføring av karantenetida om du må dele fasilitetar med andre personar enn dine næraste/reisefølget. Det same gjeld opphald på adresser der du må dele rom/fasilitetar med andre enn dei du vanlegvis bur saman med, for eksempel hybelhus og andre bustader med felles bad eller kjøkken
  • Karantene i andre sin heim er ok dersom du og din husstand er einaste gjester

Til deg som er i avventande karantene

Det vi kaller avventande karantene, gjeld dei som er "nærkontakter til nærkontakter", altså dei som er nærkontakter til dei som har vore mykje saman med (er nærkontakt til) ein som er smitta. Når du tar ein test, er det mogleg for deg å teste deg ut av di avventande karantene.

Hovudreglen er at du som ventar på prøvesvar skal halde deg heime til du har fått svar. Du skal ikkje gå på jobb eller skole, du skal ikkje ta offentleg transport eller oppsøke offentlege stader, og du skal halde god avstand til alle andre enn dine næraste. Dine husstandsmedlemmer treng ikkje å vere i karantene, heller ikkje husstandsmedlemmer som arbeider i helsetenesta.

Ved negativ test kan du gå tilbake på jobb/skole når du er i god allmentilstand (det veil sei at du føler deg frisk og er feberfri), sjølv om du framleis har enkelte symptom etter luftvegsinfeksjon.

Dersom testen blei tatt utan at du har mistanke om at du har covid-19 (det vil sei at du ikkje har anten symptom eller har vore direkte utsett for smitte) er det ikkje naudsynt å halde seg heime i påvente av prøvesvar. Dette kan til dømes gjelde om du skal reise til eit land som krev test, skal besøke ein institusjon som krev test eller deltek i forskningsprosjekt.

Lenke til Folkehelseinstituttet. Der vil du alltid finne oppdatert og gjeldande informasjon.