Ordninga vil ha som formål å sikre produsentar med arbeidsintensive grøntproduksjonar mot store tap som følgje av mangel på arbeidskraft i innhaustinga, eller dersom arbeidarane som er på plass ikkje kan få utført arbeid på grunn av pålagde restriksjonar.

Produsentane kan dermed få ein økonomisk kompensasjon dersom dei ikkje klarar å skaffe seg den arbeidskrafta som er naudsynt for å hauste avlingane. Endringaen gjeld for 2020 og vekstgruppene frukt, bær og grønnsaker, samt potet.

Vilkår

Det er fleire vilkår som må bli oppfylt før føretaket skal kunne gjevast erstatning etter denne risikoavlastningsordninga:

  • For det første gjeld dei ordinære vilkåra for erstatning
  • Det sentrale vilkåret for erstatninga er at manglande innhausting må skuldast restriksjonar i flyten av arbeidskraft. Med "restriksjonar" meiner ein er krav sett av norske eller utanlandske myndigheiter knytta til ut- eller innreise, og som utgjer ei hindring som foretaket ikkje med rimelegheit kan unngå
  • Det er også eit vilkår at føretaket "ikke har kunnet" hauste avlinga. Det vil vere viktig å kunne dokumentere at behovet for sesongarbeidskraft faktisk er til stades, og at manglande tilgong på slik arbeidskraft som følgje av pandemien er årsak til at avlinga ikkje er hausta

Endringar i forskrift om erstatning ved klimabetinga skadar i plante- og honningproduksjon

  • Tittelen blir endra til: "Forskrift om erstatning ved produksjonssvikt i plante- og honningproduksjon"
  • For skadeåret 2020 kan det bli utbetalt inntil 2 000 000 kroner i erstatning innanfor kvar enkelt av vekstgruppene frukt, bær, grønnsaker og poteter. Utrekna erstatning under 5 000 kroner blir ikkje utbetalt

Forslag til endringar i sats- og beregningsforskrifen (høyringsfrist 10.07.2020)

  • Regel om stadleg kontroll av alle føretak som søkjer erstatning for produksjonssvikt som skuldast mangel på arbeidskraft på grunn av korongapandemien
  • Ny bestemmelse i §13a som gjev standardsatsar for erstatning. Vekstgruppa grønnsaker blir utvida til å omfatte arbeidsintensive produksjonar i veksthus gjeldande for produksjon av agurk, store og små tomater og salat
  • Endringane gjeld for vekstsesongen 2020

Endringar i ELF

  • Det blir utvikla nye skjema for manglande arbeidskraft i søknadsskjema for frukt, bær, grønnsaker og potet
  • Søknadsskjema blir ein kopi av originale søknadsskjema med utvidingane innanfor veksthus, altså to typer tomat, agurk og salat
  • Skjema skal innehalde nok tilleggsinformasjon til utfylling så det blir tydeleg for søkjar kva ein treng som vedlegg

Stadleg kontroll

Det er viktig at produsenten gjev melding til kommunen når vedkomande skjønar at han/ho ikkje får hausta heile avlinga. Dette ligg i vilkåret for å motta erstatning (erstatningsforskriften §2 punkt 4 erstatning etter denne forskriften kan gis til foretak som uten ugrunnet opphold har gitt melding til kommunen om at skade har oppstått, eller vil kunne oppstå)

Når ei slik melding blir gitt, har kommunen moglegheit til å utføre stadleg kontroll før haustsesongen er over, sjølv om dette ikkje er vedteke i forskrift endå. Kommunen skal uansett utføre minimum 10% stadleg kontroll av føretak dei har motteke melding frå, jf. §12., kommunen sitt ansvar for kontroll i sats- og beregningsforskriften. Viss ikkje kommunen utfører stadleg kontroll etter melding frå produsenten (før forskrifta er vedteken), bør produsenten dokumentere tilhøva på best mogleg vis

Vegen vidare

Høyringsfrist, sats- og beregningsforskriften: 10. juli
Fastsette forskrift: Juli
Søknadsskjema ferdigstilt: Juli
Rundskriv ferdigstilt August