Årsaka til endringa er at det vil vere ei betre fordeling av utgifter og inntekter for kommunen, og at det vil kome innbyggarane til gode då utgiftene blir betre fordelt, noko mange har ytra ønske om.

Nye terminar

Fram til no har kommunale avgifter blitt fakturert i to terminar, fyrste og andre halvår,
og faktura sendt ut i april og oktober.

Nytt  frå og med 2015 vil vere at det vert fakturert i fire terminar!

1. termin Januar - mars Faktura sendt ut i andre halvdel av februar
2. termin april - juni Faktura sendt ut i andre halvdel av mai
3. termin juli - september Faktura sendt ut i andre halvdel av august
4. termin oktober - desember Faktura sendt ut i andre halvdel av november

For detaljerte opplysningar om satsar og gebyr, sjå HER.

Innhald
Avlesingskort for vassmåler vil bli sendt ut i løpet av oktober. Vatn og kloakk blir avrekna i 4. termin.

I utgangspunktet vil alle gebyr bli fordelt på dei fire terminane.
Unntaket er hytterenovasjonen som vil bli fakturert i 2.termin for heile året, samt slamtøming som vert fakturert etter tøming kvart andre/fjerde år.

Vi gjer merksame på at tidlegare inngåtte avtalar om betalingsutsetjing ikkje vert vidareført på nye fakturaer

Har du spørsmål, ta kontakt med kommunen.