Fram til 4. oktober er det gjort avtale med Interkommunal legevaktsamarbeid for Åseral, Hægebostad og Lyngdal nord. Dei bistår dei dagane vi ikkje har lokale legar tilgjengeleg.

Har du behov for legehjelp utanom legesenteret si ordinære opningstid, ringar du som vanleg legevakttelefonen 116 117. Om det blir behov for å treffe lege, får du informasjon på legevakttelefonen om kvar du må møte opp. Dette blir i utgangspunktet anten på Konsmo legesenter eller på Evje legesenter ettermiddagar kl 15:30 - 23:00. På nattestid mellom kl. 23:00 - 08:00 er det oppmøtestad ved Arendal Legevakt, som tidlegare.

Ein arbeider med vidare løysing for tida etter dette.

Akutt behov

Ved behov for akutt medisinsk nødhjelp, ring 113

På dagtid kvardagar

Kommunane Bygland og Evje og Hornnes har lokal legevakt kvardagar kl. 08:00 - 15:30. Innbyggarar blir oppmoda til å bruke legetenester i ordinær opningstid, i den grad det er mogleg å planlegge dette.

For henvendingar til Bygland legekontor, ring 37 93 47 30.
For henvendingar til Evje legesenter i ordinær opningstid, ring 37 40 79 00.

 

Kvar natt

På nattesttid, frå kl. 23:00 - 08:00, har Arendal Legevakt legevaktfunksjonen for kommunane Bygland og Evje og Hornnes, som vanleg.

Kontaktinformasjon

Bygland legekontor: 37 93 47 30
Evje legesenter: 37 40 79 00
Legevakt: 116 117
Ved behov for akutt medisinsk nødhjelp: 113

Oppmøteadresse legevakt

Arendal legevaktsentral: Sykehusveien 1 4838 Arendal

Kommunane arbeider kontinuerleg med å finne gode, forsvarlege løysingar for tida framover, og beklagar på det sterkaste ulempen dette medfører.