Frå 1. januar 2020 blir Bygland ein del av Agder fylke. KOmmune- og regionsendringane 2020 gjer at fylkes- og kommunenumra blir endra. Endringane for Agder fylke og Bygland kommune går fram av tabellen under.

Fylke 2019 Kommune 2019 Fylke 2020 Kommune 2020
09 Aust-Agder 0938 Bygland 42 Agder 4220 Bygland

Bygland sitt nye kommunenummer er 4220. 

Folkeregisteret, tinglysingsregisteret og einingsregisteret vil bli oppdatert automatisk som følgje av endring i matrikkelen.
Andre registre, tabellar og fagsystem i Bygland kommune som inneheld opplysningar om kommunenummer og fylkesnummer, blir oppdatert av eller i samråd med leverandørane av systema. Dei fleste systema skal vere endra innan 1. januar, medan nokre blir klare i løpet av januar.

På http://www.kartverket.no finn ein meir om regionreformen.

Denne endringa har og noko å seie for matrikkelen og grunnboka. Her er lenke til ein tidlegare artikkel på heimesida vår.

Den nye fylkeskommunen får nytt "kommunevåpen":

Agder fylkeskommune

Vi gjer merksame på at postnummeret til Bygland ikkje vil bli endra, det er kun fylkes- og kommunenummeret som blir endra.