Den tradisjonelle feiringa med talar, kransenedlegging, folketog og samling på Landeskogen går ut i år på grunn av korona-situasjonen.

Nasjonale retningsliner for 17. mai kom på slutten av førre veke, og ein endeleg nasjonal rettleiar kjem 4. mai.
17. mai-komiteen er i jamnleg dialog med kommuneoverlegen for godkjenning av alternativ feiring. Ein arbeider for å få til ei alternativ feiring med lokale tradisjonar i fokus.

Når alle detaljane er på plass, og vi har klart eit endeleg program, vil dette bli lagt ut.

Hugs at generelle smitteråd som handvask, halde avstand og å unngå større folkemengder m.v. også gjeld på 17. mai.