Kva gjer vi når vi er uroa for at nokon går med sjølvmordstankar? Mange er redde for å spørje, og dei er redde for svaret dei kan få. Dei veit ikkje kva dei skal gjere med svaret. Vi må gjere noko med frykten rundt å snakke om sjølvmord. Det er ikkje farleg å spørje om sjølvmordstankar. Det er farlegare å ikkje spørje.


Er du uroa for at nokon du kjenner tenker på sjølvmord? Ta det på alvor. Ver nysgjerrig. Spør. Snakk om sjølvmordstankar- det kan redde liv.
Vi har ingen å miste!

Mental helse sin hjelpetelefon: 116 123
Kirkens SOS: 22 40 00 40 
Om det står om liv og helse, ring 113