Dispensasjon frå søknadsfristen for produksjonstilskot

Etter forskfirt om produksjonstilskot §9 kan det gjevast dispensasjon frå søknadsfristen "i særlige tilfeller". Dersom eit føretak ikkje har fått levert søknaden innan 15. mars på grunn av problem knytta til utbrotet av koronaviruset, kan det vere at det ligg føre eit særleg tilfelle som gjer at ein kan gje dispensasjon frå søknadsfristen. Eksempel på forhold som gjer at føretak kan få innvilga dispensasjon frå søknadsfristen er:

  • Søkjar har sjølv vore sjuk med koronaviruset og har ikkje hatt moglegheit til å levere søknaden innan fristen
  • Søkjar har vore i karantene og hatt problem med å levere søknaden på grunn av tekniske problem, manglande tilgong til PC/internett mv
  • Søkjar har hatt problem med å få hjelp frå kommunen på grunn av koronaviruset
  • Andre forhold utanfor søkjar sin kontroll knytta til utbrotet av koronaviruset som har ført til at søkjar ikkje har fått levert søknaden innan fristen

Stadleg kontroll av opplysningar i søknadar om produksjonstilskot

For å hindre spreiing av koronaviruset, skal det som hovedregle ikkje bli gjennomført stadleg kontroll i tida framover. Dersom det ligg føre heilt spesielle grunnar til at stadleg kontroll må bli utført, er det viktig at råda frå Folkehelseinstituttet som smitteforebygging blir fulgt nøye (http://fhi.no). Direktoratet oppmodar om at alle kontroll i tida framover blir gjennomført som dokumentkontroll