Vald i nære relasjonar, overgrep og valdtekt kan ramme menneske uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva hjelp dei kan få eller kvar dei kan finne hjelpa. Mange ønskjer også meir kunnskap om vald og overgrep.

Dinutvei.no gir oversikt over ulike hjelpetilbod der du er, eller over heile landet. På dinutvei.no funn du og informasjonk, fagstoff og ei spørsmål og svar-teneste der du kan stille spørsmål og få svar anonymt eller på epost.

Rettleiaren gir oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og bekymra, dei som utøver vald og til fagpersonar.

Dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet, og er ein del av regjeringa sin innsats for å forebygge vald i nære relasjonar.