dinutvei.no er ein nasjonal nettportal som gir oversikt over ulike hjelpetilbod der du er eller over heile landet. På dinutvei.no finn du og informasjon, fagstoff og ei spørsmål- og svarteneste, der du kan stille spørsmål og få svar anonymt.

Nettportalen gir oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, påførande og bekymra, dei som utøver vald og til fagpersonar. Portalen er ein del av regjeringa sin innsats for å førebyggje vald i nære relasjonar.

dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) i samarbeid med Regionale ressurssentra om vald og traumatisk stress og sjølvmordførebygging (RVTS), Krisesentersekretariatet og Norske kvinners sanitetsforening (N.K.S) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet