Nasjonal sykkelrute nr. 3

Nasjonal sykkelrute 3 går frå Kristiansand til Haukeli. Ruta er merka og opna i 2002. Delar av strekninga følgjer RV9, men sykkelruta følgjer helst parallelle vegar. Ruta passerer flotte natur- og kulturområde, attraksjonar, badeplassar, rasteplassar m.v. Du kan velge å sykle heile strekninga, eller ta ein dagstur på ein del av ruta. Det blei tidleg på 2000-talet utarbeidd ein guide med kart og informasjon om strekninga Kristiansand - Haukeligrend

NYHEIT - Digital informasjon

Strekninga mellom Kristiansand - Hovden og Haukeli har noko å tilby for ein kvar smak. 

På sida med den digitale informasjonen kan du sjå heile strekninga eller velge å sjå nærare på ein av dei femten delstrekningane. For dykk som har tid, rår vi å stoppe opp og gjere avstikkarar frå hovedruta. Bruk dei lokale turistinformasjonane for å skaffe deg ytterlegare informasjon. God tur!

Digital informasjon om Sykkelrute nr. 3