Frå fyrste februar kan innbyggjarar i Setesdal, Østre Agder, Lister, Lindesnes og Dalane søke om å ta vernepleiarutdanning i nærleiken av sin heimstad. Studiet har same kvalitet som på campusutdanninga, men eit distriktsvenleg alternativ skal gjere det enklare å kombinere studiane med jobb eller familieliv.

Einingsleiar Helse i Evje og Hornnes kommune, Sigmund Olav Syrtveit applauderer tilbodet.

- Det er heilt topp. Her kan du ta utdanning medan du arbeider deltid. I tillegg blir det lagt til betre til rette for dei med familie.

Han peiker vidare på at innbyggjarane ofte blir buande i regionen dei høyrer til i.

- Lokale menneske som tek deltidsutdanning i distrikta blir ofte verande i den jobben dei har. Det er bra både for arbeidsgjevarar, tilsette og brukarar, fordi det gjev kontinuitet. Slike desentraliserte utdanningstilbod er blant dei viktigaste tiltaka for å rekruttere folk til jobbar, seier Syrtveit.

Marianne Hovet Steig er studiekoordinator for distriktsvenleg vernepleiarutdanning ved UiA. Ho fortel at forsking peikar på to kjenneteikn på personar med høgare utdanning i distrikta:

- Anten kjem dei frå distrikta eller så kombinerer dei studiane med arbeid i distriktet. Ved å leggje til rette for distriktsvenleg utdanning og praksis i Agder-regionane, vil UiA kunne vere med å bidra til å auke utdanningsnivået. Det vil også vere viktig i eit folkehelse- og levekårsperspektiv å auke utdanningsnivået i samfunnet, seier ho.
 

Etterspurd kompetanse

I NAV si bedriftsundersøking frå 2022 blei det estimert ein mangel på 1 110 personar i helse og- sosialtenesta i Agder (https://www.nav.no/no/lokalt/agder/statistikk-og-presse/bedriftsundersokelsen-i-agder-2022). Syrtveit trur behovet for vernepleiarar vil auke i åra framover.

- Det ligg ute ledige stillingar som vernepleiar i Evje og Hornnes no, og eg trur jobbmoglegheitene vil bli fleire i åra som kjem.

Syrtveit er utdanna sjukepleiar Han fortel at vernepleiarane er flinke til å finne ressursane hos menneskjer og bygge på dei for å få heilskapen til å fungera.

- Medisinkompetanse er ein del av heilskapen. Om det hender ei endring i dei du følgjer opp, vil god medisinkompetanse ofte gjere at vernepleiarane vurderer om endringa til dømes skylder medisinar, miljømessige faktorar eller anna, seier han. Det er viktig å få med alle moglege faktorar, og her ser vernepleiarar ofte heilskapen på ei anna måte enn oss sjukepleiarar.

Steig trekker fram dei mange valmoglegheitene som eit godt argument for å bli vernepleiar. Som vernepleiar kan du mellom anna jobbe innan barnevern, psykiatri, skule, rus, heimetenesta, arbeidsinkludering og fengsel, eller med menneskjer som har ei utviklingshemming.

Eit likeverdig utdanningstilbod

Marianne Hovet Steig fortel at distriktsvenleg vernepleie er viktig for UiA. Ein tett og god dialog med Østre Agder, Setesdal og Lister er difor viktig. 

­– I løpet av våren skal eg snakke med kontaktpersonane og nokon av studentane på dei andre distriktsvennlege utdanningane. Deira perspektiv på kva som er viktig når du er student utanfor campus er nyttige i førebuingane til den distriktsvennlege vernepleiarutdanninga. 

Ho seier vidare at dei er opptekne av kvalitet og trivsel på vernepleiarutdanninga. Ifølge Studiebarometeret (https://www.studiebarometeret.no/no/student/studieprogram/1171_bacvpl/)  er vernepleiarutdanninga ved UiA blant dei beste i landet. 

  • Fokus på studenttrivsel og god kvalitet på utdanninga vil vi vidareføre til det distriktsvennlege kullet.

Korleis vil studiet bli gjennomført?

Studiekoordinatoren forventar at studentane er aktive og deltakande i si eiga utdanning.  

– Ein fagleg dyktig vernepleiar let seg utfordre på kunnskapar, ferdigheiter og haldningar. Kompetanse utviklar ein ikkje åleine, men saman med medstudentar og faglærarar. Vi forventar difor at studentane førebur seg og er til stades på samlingane.

Til gjengjeld skal studentane kunne forvente engasjerte og dyktige faglærarar som er opptekne av å formidle fag, og levere utdanning i tråd med studieplanen. Steig seier at dei har fokus på variert undervisning og læringsformer.

Onsdag 29. mars kl 09:00 kan du delta på eit webinar der du mellom anna får høyra kva som inngår i utdanninga. Sjå Facebook-arrangementet «Webinar: distriktsvennlig vernepleie i Agder og Dalane» for meir informasjon.

Faktaboks

Vernepleiarutdanning er det tredje utdanningstilbodet ved UiA som har fått eit distriktsvennleg alternativ.

Tilbodet er utvikla i samarbeid mellom Universitetet i Agder, Lister Kompetanse, Østre Agder Interkommunalt Politiske Råd (IPR) og Setesdal IPR.

I Setesdal må søkarar ha bustadadresse i Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Åseral, eller Iveland for å kunne søke om plass på distriktsvennleg vernepleiarutdanning. I tillegg vil innbyggjarar med postnummer 4720 og 4721 (Hægeland) og 4715 (Øvrebø) kunne søke.

Utdanninga er nett- og samlingsbasert. Samlingane vil i år hovudsakeleg gå føre seg på Evje, i Lyngdal, og enten i Tvedestrand eller Risør.

Studiet er modulbasert, det vil sei at det er eksamenar etter kvart emne, fordelt utover semesteret.

Studentane har tre praksisperiodar i løpet av studietida fordelt på 30 veker. Praksisen er på fulltid og studentane må rekne med å få både dag- og kveldsvakter.

Fristen for å søke er 15. april.

For meir informasjon om utdanninga, sjå www.uia.no/distriktsvennlig-vernepleie