Generelle råd

  • Praktiser god hand- og hostehygiene
  • Vaksiner deg
  • Hald deg heime ved sjukdom
  • Test deg for covid-19 ved nye luftvegssymptom

Avstand og sosial kontakt

  • Ein tilrår å halde 1 meter avstand til andre enn husstandmedlemmer og tilsvarande nære. Sjå nokre unntak frå denne tilrådinga/kravet under punkta om høgare utdanning og arrangement og samankomster og organiserte idretts- og fritidsaktivitetar
  • Tilrådinga om 1 meter avstand gjeld ikkje for barn i barnehage og på barneskole
  • Tilråding om avstand gjeld ikkje for vaksne som arbeider med barn, unge og sårbare grupper
  • Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp og uvaksinerte vaksne bør skjerme seg, men ikkje isolere seg. Det er viktig med sosial kontakt
  • Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp og uvaksinerte vaksne bør vere spesielt forsiktige med, eller unngå store forsamlingar og samlingar på serveringsstader der det erfaringsmessig blir vanskeleg å halde avstand og ikkje-naudsynte reiser til område med mykje smitte
  • Det er ingen avgrensing i talet på gjester heime
  • Det blir tilrådd god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i samme rom over tid med personar som ikkje er husstandsmedlemmer og tilsvarande nære

Munnbind

  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld og for tilsette med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierer
  • Det er ikkje krav til munnbind medan ein sit ved eit bord på serveringsstad eller på arrangement medan ein sit på ein fast tilvist plass

Organiserte idretts- og fritidsaktivitetar

  • Organiserte idretts- og fritidsaktivitetar kan gå som normalt både innandørs og utandørs for alle aldersgrupper, med kontakt der det er naudsynt
  • Toppidrett kan bli gjennomført som normalt

Barnehagar, skolar og SFO

  • Krav om smittevernfagleg forsvarleg drift. For barnehagar, skolar og vaksenopplæring inneber det i praksis eit krav om å drive på grønt tiltaksnivå etter trafikkljosmodellen
  • Dei nasjonale tilrådingane om tiltaksnivå i barnehagar, skolar og vaksenopplæring blir oppheva
  • Tilråding om jamnleg testing blir avvikla

Høgare utdanning

  • Krav om smittevernfagleg forsvarleg drift
  • Det blir tilrådd at ein er til stades fysisk ved undervisning. Det blir lagt opp til at studentane får ein normalisert studiekvardag og eit godt studiemiljø så langt det er mogleg innanfor gjeldande tilrådingar
  • Tilrådinga om avstand på 1 meter kan fråvikast ved undervisning
  • Tilråding om jamnleg testing blir avvikla

Arbeidsliv

  • Tilråding om 1 meter avstand
  • Arbeidsgjevarar blir tilrådd å sjølv vurdere kor mykje heimekontor som er rett på den enkelte arbeidsplass. I ei slik vurdering kan m.a. vere kor sannsynleg det er for smitte på arbeidsplassen og kor sårbar ein er for eit høgt samtidig sjukefråver bli lagt vekt på
  • Ein bør ta omsyn til om ein kan halde avstand
  • Tilråding om munnbind dersom det ikkje er mogleg å halde avstand, med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierer som bruk av skilleveggar eller liknande
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre naudsynte og lovpålagde oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge

Arrangement og samankomster

  • Ingen avgrensing på talet på private samankomster
  • Offentlege arrangement
  • Ingen avgrensing på tal
  • Krav om smittevernfagleg forsvarleg drift
  • Krav til arrangør om at arrangøren skal gjere seg kjent med relevante standarder om smittevern og bør følgje desse
  • Arrangøren skal sørge for at alle som er til stade ved arrangement skal kunne halde minst 1 meter avstand til andre som ikkje er i same husstand eller er tilsvarande nære. Det blir gjort unntak frå dette kravet når ein sit i faste tilviste plassar. Det gjer det mogleg å fylle alle plassane i ein sal når alle i publikum sit på ein tilvist plass. Arrangøren skal legge til rette for at det er mogleg å halde avstand elles i lokalet eller arrangementsområdet. Det er og unntak for kravet om å sørge for at alle kan halde 1 meter avstand for nokre grupper, blant anna for utøvarar på kultur- og idrettsarrangement, deltakarar på enkelte kurs og dei som er i samme kohort i barnehage eller barneskole
  • Arrangør som planlegg for meir enn 200 i publikum skal utarbeide ein skriftleg plan for korleis eit forsvarleg smittevern skal bli tatt i vare på den staden arrangementet blir gjennomført. Arrangøren bør omtale og grunngi avvik frå smitteverntiltak omtalt i relevant standard om smittevern

Serveringsstader

  • Krav om skjenkestopp kl. 23.00 og bordservering blir oppheva
  • Serveringsstaden skal sørge for at alle kan halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære
  • Serveringsstader skal ikkje gjennomføre aktivitetar som naturleg inneber mindre avstand mellom gjestene enn 1 meter, til dømes dansing
  • Krav om registrering av gjester blir avvikla

Testar, karantene og isolasjon

  • Personar som er smitta av koronaviruset skal isolere seg i 4 døgn. Smitta som har symptom må i tillegg ha vore feberfri i minst 24 timar utan bruk av febernedsettande preparat. Dette gjeld alle virusvariantar. Dei nye reglane om lengda på isolasjonstida gjeld og for personar som er i isolasjon når reglane trer i kraft
  • Forskriftsfesta karantene blir avvikla også for alle nærkontakter som er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære den smitta
  • Husstandsmedlemmer og tilsvarande nære blir tilrådd å teste seg dagleg i fem døgn etter siste nærkontakt med den smitta
  • Personar som ikkje kan unngå nærkontakt med den smitta i isolasjonsperioden, bør og teste seg dagleg under isolasjonsperioden, og deretter dagleg i fem døgn etter at isolasjonen er avslutta, til saman ni dagar
  • Testen bør bli tatt som sjølvtest, men kan også bli gjennomført som antigen hurtigtest gjennomført av helsepersonell eller PCR-test
  • Utover dette blir det tilrådd at kun personar med symptom å teste seg. Øvrige nærkontakter utan symptom blir ikkje tilrådd å teste seg, men bør vere ekstra merksame på symptom
  • Barn i grunnskolealder eller yngre blir tilrådd å teste seg kun ved symptom. Dette gjeld og ved smitte i husstanden
  • Det blir tilrådd at husstandsmedlemmer og tilsvarande nære av ein stadfesta smitta bruker munnbind innandørs på offentlege stader og unngår store samankomster og arrangement i 10 døgn etter nærkontakten. I tillegg til å følgje med på symptom under heile testperioden. Ved symptom bør ein halde seg heime og teste seg
  • Råd om jamnleg testing i barnehage, skole og høgare utdanning blir avvikla
  • Ved lokalt behov kan kommunar med tilstrekkeleg testkapasitet gjere testar tilgjengeleg på skolar, universitet m.v. Dette for å gjere testar enkelt tilgjengeleg for personar som utvikler symptom

Smittesporing

  • Smitta sørger sjølve for å informere sine nærkontakter ved positiv test, men kommunen kan gi bistand ved behov
  • Kommunane er bedne om å ta i bruk system for sjølvregistrering av sjølvtestar, der den enkelte kan registrere positiv sjølvtest
  • Smitta blir tilrådd å registrere positiv test i appen Smittestopp

Smittevernfagleg forsvarleg drift

  • Smittevernforsvarleg drift inneber krav om å sørge for at det er mogleg å halde minst 1 meter avstand til personar som ikkje er i samme husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting
  • Krav om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skolar og annan opplærings- og utdanningsverksemd, inkl. høgare utdanning
  • Følgjande øvrige verksemder skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, museer, bingohallar, bowlinghallar, svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, midlertidige marknader, fornøyelsesparkar, leikeland, spelehallar og liknande

Svalbard

  • Personar som kan dokumentere at dei er fastbuande på Svalbard og personar som kan dokumentere at dei er fullvaksinerte eller har gjennomgått covid-19, har unntak frå krav om test før avreise til Svalbard
  • Alle personar som kjem til Svalbard skal framleis teste seg innan 24 timar etter at dei har kome til Svalbard

Innreise til Noreg

  • Alle som reiser inn til Noreg må registrere seg før dei kjem til Noreg, dette gjeld og norske borgarar
  • Krav om attest for negativ test tatt før ein kjem inn i landet for personar som ikkje kan dokumentere at dei er fullvaksinerte eller har gjenomgått covid-19
  • Krav til test på grensa blir oppheva

Les meir om innreiseeglar på helsenorge.no