Tid og stad

Tid: Torsdag 26.10.23 kl. 18:00
Stad: KVS Bygland

Gratis inngong

Kaffe og kake til alle

Energiforedrag v/Helge Aschjem, Glava

Tema:

  • Heilheitleg oppgradering av eksisterande bygg - korleis skal ein gjere det?
  • Kvifor skal ein oppgradere bustaden - kva gevinstar gir det?
  • Korleis bygde dei husa før og korleis bygger vi no?
  • Kva må til for å få støtte frå Enova til oppgraderinga?

Bankane sitt syn på ENØK og berekraft v/Knut Kjetil Møen, banksjef ved Evje og Hornnes sparebank

Tema:

  • Bankane si handtering av berekraft
  • Kva er eit grønt lån og korleis kan ein få det?
  • Nye direktiv til oppgradering av bustad 2030 og 2050

Kommunen sin rolle v/Even Simensen, Klimakontakt i Bygland kommune

Tema:

  • Kva jobber kommunen med på klimafronten?
  • Kva kan kommunen hjelpe til med?
  • Korleis søkjer ein Enova?