Formannskapet i Bygland vurderte og diskuterte alle namneforslaga som vart sendt inn. Dei fekk lagt fram ei anonymisert liste med alle namneforslaga, og valde til slutt ut to namn som dei sette saman til eit nytt, og dette blei vedteke: Bygland scene og Bygland kulturhus vart til Bygland kulturscene.

Det viste seg at begge namna var sendte inn av ein og samme person. Vinnaren er Susanne Hegenscheidt frå Åraksbø.

Susanne flutte frå Tyskland til Åraksbø for dryge 2 år sidan. Som ny "Årakar" ønskte ho seg boka "Bygland gard og ætt - bind V" som omhandlar - Åraksbø

Vi gratulerer!