659 innbyggjarar i Bygland kommune over 15 år har framleis ikkje teke i bruk digital postkasse.

Nesten 1,8 millionar nordmenn bruker i dag digital postkasse, og får dermed post frå kommunen og andre offentlege etatar digitalt i staden for på papir. Potensialet for bruk av digital post er vesentleg større. I kommunen vår er det kun 352 innbyggjarar som har tatt i bruk digital postkasse. Det utgjer 34,8 prosen av alle innbyggjarar over 15 år i kommune - og det plasserer oss på 6. plass blant kommunane i fylket, og på 192. plass blant kommunane i landet.

Gjennomfører kampanje
Vi brukar i dag store ressursar på papirpost. Difor set vi i gang ein kampanje for å få fleire til å velje bort papir. I løpet av dei næraste dagane, vil dei som ikkje har oppretta digital postkasse, få ein hyggeleg e-post frå kommunen med ei oppmoding om å gjere dette.

Dei som ikkje har digital postkasse, får sine brev sendte i posten. Dette kostar omlag 14 kroner pr. brev. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men til saman er dette ressursar og pengar vi kunne brukt på noko langt meir nyttig, som til dømes barnehage, helse eller kulturtilbod. Målet vårt er at alle innbyggjarar går over til digital postkasse slik at vi sparer desse ressursane og ikkje minst miljøet.

Praktisk for innbyggjarane
Vi trur også at mange innbyggjarar vil tykkje digital postkasse er praktisk: Du unngår unødvendig ventetid, og får mange brev frå det offentlege og det private direkte i den digitale postkassen, uansett kvar du er. Raskt, sikkert og enkelt!

Skaffar du deg digital postkasse, vil du få vedtak om barnehageplass eller skuleplass, vedtak i byggjesaker og mange andre typer dokument i den digitale poskassen. Der vert dei verande i det personlege arkivet så lenge du vil.

Vi håper innbyggjarar som ikkje har oppretta digital postkasse enno, kan ta seg bryet med å bruke nokre minutt på å gjere dette. Dei som treng hjelp til å opprette digital postkasse, eller har spørsmål om tenesta, kan ta kontakt på 37 93 47 00 - vi hjelper gjerne til.

Slik skaffar du deg digital postkasse:
Gå inn på www.noreg.no

  • Vel "Digital postkasse"
  • Finn fram den elektroniske ID-en din (e-ID), til dømes din BankID
  • Vel anten Posten sin Digipost eller e-Boks
  • Følg instruksjonane frå desse for å opprette postkasse

Video om digital postkasse: https://vimeo.com/124497427