Instagram er ei gratis foto-delingsteneste og sosialt nettverk som blei lansert i oktober 2010. Tenesta gjer det muleg for brukarar å ta eit bilete, legge til enkle effektar, og deretter dele det med andre Instagram-brukarar som er kobla til på det sosiale nettverket.

I tillegg er det no oppretta ein Youtube-konto for Bygland kommune. Her vil det bli lagt filmar frå ulike arrangement.

Heilt nede på heimesida vår, finn du no lenke til både Facebook, Youtube og Instagram. Om me oppretter konti på andre sosiale medier, vil du kunne sjå det der.