For å få eit realistisk inntrykk av korleis folk blir møtt, har testmedarbeidarar stilt spørsmål som om dei var privatpersonar. Dei har kontakta kommunen for å få informasjon om skulefritidsordninga, byggesaksbehandling og moglegheit for å få fast heimehjelp. Svara dei fekk frå kommunen blei vurdert etter hurtigheit og relevans.

Dei testa samtlege 422 kommunar i Noreg med til saman 29 000 spørsmål. Dei har sendt tre separate e-postar til postmottak, og ringt to telefonsamtalar til kvar kommune. I tillegg har dei leita etter 24 ulike informasjonselement på kvar kommune si nettside på både mobil og stasjonær datamaskin.

Testen blei gjennomført frå oktober 2018 til januar 2019.

Bygland kommune kom altså på 3. plass i Aust-Agder med 61,8 poeng. På 2. plass ligg Birkenes kommune med 61,9 poeng og på 1. plass i fylket kom Vegårshei kommune med 65,7 poeng.

Poenggjennomsnitt i fylket var 56,4 og landsgjennomsnitt var 51,0 poeng.

Bygland sine tall ser slik ut:

Barn og skole: 39/100
Tekniske tenester: 67/100
Sosiale tenester: Ikkje testa
Pleie og omsorg: 59/100
Helse: 95/100
Fritid og kultur: Ikkje testa
Informasjonstenester: 71/100

Bygland kommune er svært nøgd med plasseringa i denne testen, og så ser me at me kan bli betre på fleire felt. Det er godt å ha noko å strekke seg etter!

Den som kom på 1. plass nasjonalt var Nesset kommune. Dei fekk heile 77,6 poeng!

HER kan du sjå alle resultata

HER kan du lese meir om korleis dei testar