Kommuneplanen er Bygland kommune sitt overordna styringsdokument. Det er her vi legg føringar for kva retning utviklinga av kommunesamfunnet skal ta. Prioriteringar blir gjort gjennom mål og strategiar i kommuneplanen. Måla blir så spesifisert i tiltaksplanar og budsjett.  

Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Arealdelen skal følgje opp og konkretisere samfunnsmåla gjennom arealbruken i kommunen. I haust arbeider vi med samfunnsdelen og til våren arbeider vi med arealdelen. 

I høve til samfunnsdelen vil vi gjerne høyre kva som er viktig for de som bur, driv næring og ferierer her. Kva for utfordringar og moglegheiter ser vi for kommunen vår? De vil difor i løpet av hausten bli invitert inn til ulike arrangement der de kan kome med innspel til samfunnsdelen. Det vil bli større fellesarrangement og det vil bli mindre samlingar på etablerte møteplassar. Vi vil legge opp til brei medverknad og vil møte dykk på kjente arenaer. I tillegg vil vi invitere dykk til å delta i ei innbyggjarundersøking.

Dette er den rette anledninga for dykk til å påverke den framtidige retninga til kommunen. Følg med i media og bli med på å legge grunnlaget for ei framtidsretta og god utvikling i Bygland kommune.