Kommunen har i lenger tid arbeidd med å bygge opp eit nytt sakshandsamingssystem. Onsdag 10. mai går vi i produksjon med det nye systemet.

Når vi no går i gong med eit nytt system, er håpet at overgangen vil gå smertefritt utan store feil. Me bed dykk likevel om å ha forståing for at ting kan kome til å ta litt ekstra tid i ein innkøyringsfase.

Ein kan og orientere om at post som kjem inn til kommunen i tida fram til torsdag, ikkje vil bli postregistrert.
Sakshandsamarane må og jobbe i eit nytt system med eit heilt nytt brukargrensesnitt. Me bed om forståing for at dei må ha noko tid til å sette seg inn i systemet.

Me beklager dei ulempene dette fører med seg, men me vonar at det nye systemet vil fungere greitt, og at sakshandsaminga etterkvart vil bli meir effektiv.