Kva er tilskotsportalen?

Kanskje treng fotball-laget til poden nye drakter? 

Lurer du på om det finnast nokon som gir støtte til utbedring av friluftsområder? 

Kva for støtteordningar finnast det innan kultur?

Tilskotsportalen har svarene!

Tilskotssportalen er eit verktøy for deg som vil jobbe meir effektivt og lykkast betre i å søke tilskot til dine prosjekt. Portalen gjer deg ein oversikt over alle tilskotsordningar som vert tilbydd norske organisasjonar, og du kan søke etter støtteordningar og tilskot i mange ulike kategoriar. 

Portalen oppdaterer informasjon om tilskota automatisk (via vår informasjonsrobot) og innholdet kontrollerast manuelt av deira team. Du kjem difor i forkant av søknadsarbeidet og kan få fleire idear til finansiering av din IDE!

Her er link til ein video som syner til korleis ein kan bruke tilskotsportalen:

Informasjonsvideo om Tilskuddsportalen - 2020 (vidyard.com)

På nyåret vil det verte arrangert kurs via ZOOM, der du kan lære korleis du skal bruke portalen for å finne tilskot som kan realisere draum din!

For å ta i bruk søknadsportalen må din organsisasjon registrere seg:

  • Gå til www.tilskuddsportalen.no og søk etter din kommune i søke-feltet. Alle kontaktpersoner må registrere seg som brukarar, og det gjes tilgong til inntil tre brukarar frå kvar forening. Husk å registrere kva for forening du representerer og kva for rolle du har i denne.
  •  Når du har registrert deg, så skjer det ein manuell sjekk av din tilknytning til organisasjonen. Det gjes tilgong dersom du er eit styremedlem eller har ein annan sentral tilknytning til foreninga, og foreninga er registrert med adresse i den kommunen det søkast tilgong via. Dette blir gjort innan ein arbeidsdag, men ofte raskare.
  • Når du blir godkjend, så mottek du ein e-post med bekrefting på di registrering, og det er viktig at du klikker på aktiveringslenka i denne e-posten. Du kan da vele ønska passord.

Start jakta på tilskot!

Dersom du får tekniske problemer med innlogging eller bruk av tenesta, kan du kontakte support ved å sende e-post til support@tilskuddsportalen.no eller tlf: 62 52 13 00