No har Utstyrssentralen fått eit nytt datasystem som er tilpassa slik verksemd, og som i tillegg er både brukarvenleg og synleg.

Det blir visning av det nye datasystemet 3. juni kl. 17:00. Då blir det besøk av ordføraren og det blir servert kake og kaffe.

BUA er ein nasjonal stiftelse som kun jobbar med utlån av utstyr. Utstyrssentralen blir no ein del av BUA, og det betyr at du kan finne dei her: https://www.bua.io/utlansordninger/bua-bygland

Alt av utstyr er no synleg med eige bilete. Det betyr at du ikkje treng å ringe for å spør om kva dei har, du kan bare gå inn og søkjer sjølv. Alt utstyret litt sortert på kateori. Skulle det vere slik at du fann noko du vil låne, er neste steg å lage deg ein brukarprofil. Dette gjer du bare EI gong. Du vel: "logg inn og registrer brukar". Etter det kan du finne utstyret du vil låne, og faktisk også reservere det på nettsida slik at du er sikker på at det er ledig når du treng det.

Når du har reservert, tek du kontakt med vakttelefonen deira og avtalar henting. Vakttelefonen har nr.: 945 02 858. Merk at telefonen framleis er bemanna av (fantastiske) frivillige, slik at den blir svara på på kveldstid.