Dei siste åra har det vore kontakt mellom Aqvariet i Bergen, Bygland kommune og Norce (forskingsinstitusjon) fordi det har vore ønskje om å lage ei eiga utstilling om Bleka.

Med støtte frå Miljødirektoratet og vassdragsregulanten er det no klart for ei eiga utsilling av Bleka. Det blir eit fint høve til å formidle den spesielle soga om, og redninga av Bleka i Byglandsfjorden. Bleka finns bare i Byglandsfjorden og er unik, faktisk i verdenssamanheng.

Torsdag den 24.6.2021 kom Even Romarheim og Even Skåtøy frå Aqvariet i Bergen med spesialbil for å frakte levande fisk. Jon Løyland hadde fått i oppdrag å fange levande Bleke som Aqvariet ønskjer å vise fram i sommar. Bilde dei tilsette som flytter Bleka over i transporttanken.

Akvariet vil få på plass utstillinga før storinnrykket no til sommarferien.

Får du Blekefangst?

Gjennom åra har mange Bleker blitt radiomerka. Dersom du fiskar og fangar Bleke der ein oppdagar ein liten svart gjenstand på fisken (kan ikkje ta feil), så vil vi vere svart takksame dersom denne kan bli levert på Bygland kommunehus med opplysningar om lengde på fisken, kvar fisken er fanga og namnet på finnaren. Informasjonen i desse sendarane kan gi viktig informasjon om Bleka sine vandringar.

Målsetjinga med forskinga er å etterkvart få ein berekraftig sjølvproduserande bestand av fisken. Godt arbeid gjennom mange, mange år har gitt resultat, og her er godt håp om at vassdraget vårt framleis vil vere levestaden for Bleka.