Sommaren er ekstra utfordrande for mange barn og unge, fordi dei veit at det blir ekstra drikking i ferien. Organisasjonane Voksne for Barn og Barn av Rusmisbrukere har gått gjennom samtalar med barn og unge som lever med foreldre som drikk mykje eller rusar seg på andre rusmidlar.

Frå desse samtalane har dei sett opp dei råda som oftast går igjen, og som det er viktig at vi deler med barn og unge, foreldre og alle andre som kan bidra til å gjere sommaren litt betre for barn som gruar seg til sommarferien.

Til barn

  • Det er din sommarferie og. Du har like mykje rett til å sjå fram til ferie som dine foreldre
  • Hugs at det ikkje er vi som er vanskelege barn - det er foreldra våre som har problem. Vi skal ikkje ha dårleg samvit for å sei i frå, alle barn fortener å sjå fram til ferien
  • Den svarte klumpen inne i deg bli mindre når du talar med nokon du kan stole på om korleis du har det heime. Det kan vere helsesjukepleiar, ein lærar, ei tante eller foreldra til ein god ven
  • Sit du fast i ein vanskeleg situasjon og treng hjelp - ring familie, venner eller eit nødnummer

Til foreldre

  • Spør meg korleis eg opplever det når de drikk. Spør meg kva eg vil oppleve i sommer, og kva eg aller helst vil sleppe å oppleve
  • Dette er min sommarferie og, alt eg vil er å ha det hyggeleg saman med dykk utan at de brukar alkohol
  • Sjølv om de ikkje gjer slemme ting når de drikk, er det ekkelt når de er så annleis. Å sjå dykk slik gjer meg usikker, og eg tykkjer det er vanskeleg å forhalde meg til dykk som vanleg, lenge etterpå
  • Eg har ikkje sett besteforeldra mine så mykje i det siste, og eg reiser gjerne på besøk til dei ein dag eller to, om du vil drikke litt meir enn det som er hyggeleg for meg
  • Hald avtalar! Eg har ikkje lyst til å vente til etter lunsj med å reise på stranda fordi de må sove

Til andre vaksne - familie, naboar og venner

  • Spør meg på nytt om eg avviser deg når du lurar på korleis eg har det heime
  • Om du har mistanke om at foreldra mine misbruker alkohol, så spør meg
  • Inviter meg med på hytta, ein dag eller ei veke. Sei at du kjem og henter meg, sidan foreldra mine ikkje alltid kan køyre meg
  • Om eg fortel deg korleis eg har det heime, betyr det at eg stoler på deg. Ikkje svikt meg då
  • Eg er veldig glad i foreldra mine, så ikkje lag noko drama eller tal stygt om dei
  • Om du opplever at foreldra mine drikk for mykje med meg til stades, og du tenker at eg ikkje har det så fint, ta meg ut av situasjonen utan å dømme eller lage nokon scene. Sei til foreldra mine at dei nok treng litt tid aleine, og at du tar meg med heim