Dei nye reglane i "Forskrift om brannforebygging" presiserer m.a. at bålforbodet no gjeld i all utmark.

Kommunane kan gjennom lokal forskrift fråvike bålforbodet, dersom lokale tilhøve tilseier det. Ved spesielt stor brannfare kan kommunane innføre forbod mot å gjere opp eld i bestemte område og utanfor tidsrommet 15. april til 15. september.

Det er viktig å vere klar over at det "å gjere opp eld" omfattar meir enn bålbrenning. Det omfattar t.d. bruk av eingongsgrillar og andre bål- og peisinnretningar. Oppsending av såkalla skylanterner og handtering av brannfarleg avfall er og omfatta av omgrepet.