Føresetnaden for å få ein slik autorisasjon er at ein:

  • har gått på tilleggskurs for gnagarbekjemping og har bestade eksamen
  • eig eller leiger ein landbrukseigedom
  • har gyldig plantevernmiddelautorisasjon

Autorisasjonen skal ein bruke til å bekjempe mus/rotter på eigen eller leigd landbrukseigedom. Veksthus kjem innafor her. Gnagarmidlane kan kun bli brukt i og rundt bygningar, ikkje for å verne planter/avlingar i t.d. åker. Kva preparat som vil vere omfatta av ordninga, kjem fram på etiketten på middelet. Meir informasjon om regelverket og svar på ofte stilte spørsmå finn de HER.

Regelverk og instruks

Bestemmelsane om gnagarmiddelautorisasjon er tatt inn i plantevernmiddelføresegna. Øvrige krav til bruk av gnagermidlar finn du i Føresegn om skadedyrbekjempelse. Når det gjeld kommunane og fylkesmannen sine oppgåver er  Instruks til kommune og fylkesmann om utøvelsen av delegert myndighet etter plantemiddelforskriften oppdatert til å også omfatte gnagarmidlar.

Autorisasjonsbevis

Ein legg opp til at eksamensresultat blir registrert i autorisasjonsregisteret på lik line med plantevernmiddeleksamen. Tilsvarande skal og autorisasjonsbevis for gnagarmidlar bli registrert. Det er under arbeid ei eiga "inngangsdør" i autorisasjonsregisteret for registrering av tilleggsbevis for gnagarmidlar. Forhandlarar som har tilgong til registeret vil kunne finne informasjon om båe bevisa når dei loggar inn i databasen. Meir informasjon kjem så snart arbeidet med databasen er ferdigstilt. I fylgje Mattilsynet står det att nokre få praktiske detaljar.

Andre nyttige opplysningar

  • Det er utdanna ei rekke kursinstruktørar, blant ann ei rekke tilsette hos Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og tilsette på enkelte landbruksskular. Desse skal bli godkjente av fylkesmannen som kurshaldarar. M.a. NLR vil sette opp kurs framover.
  • Lengda på kursa: 5 timer teori + 1 time eksamen. Eksamensoppgåver vil  snart bli sendt ut til fylkesmannen si landbruksavdeling.
  • Kommunane (miljørettet helsevern) har allereie ansvaret for å føre tilsyn med bruk av gnagarmidlar i høve Føresegn om skadedyrbekjemping. Dette vil frå no av og gjelde tilsyn med bønder som blir autoriserte for å bruke gnagarmidlar. Mattilsynet vil føre tilsyn med at bønder har autorisasjon ved bruk av gnagarmidlar. I tillegg kan Mattilsynet i samsvar med regelverk om næringsmidlar, fôrvarer og dyrehelse/dyrevern føre tilsyn med at gnagarmidlane ikke blir plassert slik at dei utgjer ein fare for mat og dyr.

På Fylkesmannen si heimeside ligg ei sak om ordninga med informasjon retta spesielt mot bøndene.