Bakgrunnen for at kommunen sitt sentralbort vert automatisert, er resultat av intern omorganisering og som eit ledd i kuttprosessen kommunen har vore gjennom. Det er ikkje unikt at folk som ringjer til offentlege instansar kjem til eit automatisert sentralbord, men no er Bygland den fyrste kommunen i Setesdal som nyttar seg av denne løysinga.

Om du ikkje får svar hjå sakshandsamaren du vil tale med, har du moglegheit til å leggje inn melding på telefonsvararen. Når du får melding om dette, vil det gå noko tid før du får melding om å tale inn beskjeden. Sakshandsamaren vil då få denne meldinga saman med det telefonnummeret du ringte frå. Sakshandsamaren har då ansvar for å ringe deg opp att.

Kvar husstand skal ha fått eitt eksemplar av telefonkatalogen i postkassen. Dette er ei oversikt over dei mest sentrale telefonnummera i kommunen. Du har då høve til å ringe direkte til den du vil tale med.

I og med at dette er ei heilt ny løysing, kan det oppstå innkøyringsproblem. Dette bed me om forståing for, og bed deg melde frå på epost til post@bygland.kommune.no, så skal me prøve å få retta opp dei feila som måtte oppstå.