Fylkesmannen gjer merksam på at i utgangspunktet er all bruk av open eld i naturen forbode mellom 15. april og 15. septempber. Forbodet gjeld og utanom desse tidene når brannfaren er høg.

Varsel om skogbrannfare
Gå inn på YR sitt varsel om skogbrannfare for å fylgje med på skogbrannfaren i Bygland.

Kva gjer du om du kjem som fyrstemann til ein skogbrann?
Varsle brannvesenet på nødnummer 110 om brannen. Fortel kven du er, gje beskjed om korleis du kan kontaktast. Det er viktig å gje tydeleg posisjon på brannen, og møt gjerne brannvesenet for å vise vegen til brannstaden.

Gå inn på Fylkesmannen sine heimesider for å lese meir