Planprogramma forklarar korleis sjølve planprosessen skal bli gjennomført, kva som skal vere tema i planane og korleis det er mogleg å gi innspel undervegs. Sjølve planane vil bli utarbeidde i 2022.

Du kan no sjå planprogramma og gi innspel til dei om du ønskjer, helst innan 10. desember 2021.

Eit papireksemplar av kvart planprogram ligg i publikumsmottaket på kommunehuset.

Korleis sender du innspel?

Du kan gi innspel til eitt eller begge planprogramma via denne lenka: https://skjema.onacos.no/Agder/Prod/skjema/AGD0168/, eller du kan sende innspelet til Agder fylkeskommune (merk med sak21/20010, til postmottak@agderfk.no eller pr. post til Postboks 788, Stoa, 4809 Arendal