-Innkjøp er kommunane sin grønne supermuskel. Dei åtte kommunane i samarbeidet kjøper inn varer for over 600 millionar kroner i året. No skal vi bruke forbrukarmakta til å drive fram meir klimavenlege løysingar, seier Akselsen.

No er det etter kvart mange grønne kvinner og menn i kommunane som jobbar med klima, miljø og berekraft, men Akselsen har fått ei heilt spesiell oppgåve. Han skal jobbe med grønne innkjøp i kommunane Vennesla, Birkenes, Iveland, Åseral, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Det er unikt i Noreg at åtte kommunar går saman i eit slikt samarbeid.

Samarbeid og næringsliv

Det grønne innkjøpsprosjektet er det Miljødirektoratet som finansierer. Prosjektet varer i første omgong i to år. Akselsen begynte i jobben i april og har brukt dei første vekene til å ha møte med innkjøparar og kommuneleiing i alle dei åtte kommunane. Han kjem i hovudsak til å ha kontorstad på Evje.

I tillegg til grønn forbrukarmakt skal han også jobbe med to andre viktige grønne prosjekt:

  • Vurdere og initiere samarbeidsprosjekt der dei åtte kommunane kan samarbeide om innkjøp og eventuelt dele på utstyr, rett og slett innføre litt delingsøkonomi i dei kommunale systema
  • Vere pådrivar for marknadsutvikling. Arbeide med lokalt næringsliv slik at kompetansen rundt det grønne skiftet aukar og lokale verksemder og lokalt næringsliv kan posisjonere seg og vere klare til å ta grønne marknadsandelar

-Dette blir veldig spanande. Første konkrete resultat er allereie på plass. Av dei åtte kommunane sine 187 køyretøy, har Valle bestemt seg for å erstatte fire dieselbilar med fire nullutsleppsbilar. Vi håpar på mykje slikt  - og ikkje minst gledar eg meg til å arbeide med næringslivet. Vi arbeider allereie med eit kursopplegg for handtverkarar, koordinert frå Bygland, seier Akselsen.

Mangfaldig bakgrunn

Roy Akselsen kjem frå Toten og har allsidig bakgrunn. Har arbeidde som tømrar i mange år. Ei arbeidsulykke kunne avslutta yrkeslivet, men sendte han i staden på skolebenken. Han tok NTNU i Trondheim og Gjørvik med fordjupning i faga samfunnsøkonomi, samfunnsgeografi og design.

-No frista Agder fordi vi har barnebarn her og fordi denne jobben er midt i blinken av det eg ønskjer å drive med. Det grønne skiftet må komme. Kommande generasjonar er avhengig av at vi legg om, og då har kommunane mykje kraft å sette inn. Kommunane blir viktige i den store jobben, og endringane vi må gjennom, seier Akselsen.

Kontaktinformasjon til Roy Akselsen

  • T: 904 71 205
  • E: roy.akselsen@e-h.kommune.no