Kven bli omfatta av tilbodet?

Tilbodet gjeld personar som er fødde i 2001 og 2000, det vil sei personar som fyller 21 eller 22 år i 2022, og oppheld seg i Agder. Tilbodet gjeld ut kalenderåret ein fyller 22 år. 

Desse kan få tilbod om naudsynt tannhelsetenester med 50% eigenbetaling, rekna av fylkeskommunale takstar, frå Tannhelsetenesta i Agder.

Omfang av tilbodet

Omfanget av tannhelsetilbodet skal basere seg på ei individuell vurdering av den enkelte sitt behov. Naudsynt forebygging og behandling skal følgje den standard fylkeskommunen legg til grunn for naudsynt tannhelsehjelp til dei prioriterte gruppene etter lov om tannhelsetenesten og Helsedirektoratet sin rettleiar "God klinisk praksis i tannhelsetjenesten". Kosmetisk tannbehandling og sal gir ikkje rabatt.

Kva med 21- og 22- åringar som har fått tannhelsehjelp på ein tannklinikk i januar, februar og mars i 2022?

21- og 22-åringar som har vore på ein privat eller offentleg tannklinikk i januar, februar eller mars 2022 og har betalt full pris, kan få refundert inntil halvparten av det som er betalt.

Skjema for refusjon er tilgjengeleg på http://www.agderfk.no/tannhelse og blir sendt digitalt til Tannhelsetjenesten i Agder.

Frå april vil rabatten bli trekt frå når du betalar på ein offentleg tannklinikk. Det blir ikkje dekka tannbehandling utført på privat tannklinikk etter 1. april.

For meir informasjon: 21- og 22-åringar får halv pris på tannbehandling - Agder fylkeskommune (agderfk.no)

Har du spørsmål?

Spørsmål kan rettast til:

Svein Resset, virksomhetsleder, Tannhelsetjenesten
Mobil: 416 63 063
E-post: svein.resset@agderfk.no