Har du eitt fint bilde frå 17. mai i tidlegare år som du har lyst til å dele på kommunen si Facebook-side? Vi skal lage eit bildealbum og leggje til bilder kvar dag etterkvart som dei kjem inn.

Send inn bilde med namn på fotograf, kven som er på bildet (om det er ein person), men hugs å innhente sammtykke til publisering). Du må og skrive kvar bildet er tatt, og kva år.

Hugs personvernreglane 

Send bilder til susanne.hegenscheidt@bygland.kommune.no innan 17.05.20

Vi gler oss til mange, fine bilder som gjev oss ei digital markering av nasjonaldagen!

 

Foto: Fanar som skolebarn i Bygland og Byglandsfjord har lagt frå seg etter barnetoget opp til Landeskogen 17. mai 2019