Kommuneoverlegen i Bygland, Evje og Hornnes, Åsulv Horverak, ønskjer at alle som planlegg å reise heim tar følgjande forholdsreglar:
- Ha så få kontakter som mogleg i siste veka før du reiser heim på joleferie
- Pass på godt smittevern når du reiser
- Ha så få kontakter som mogleg dei første dagane etter at du har kome heim. Pass særleg på å ikkje utsette eldre menneske eller dei i risikogrupper for smitte
- Ha låg terskel for å teste deg om du får symptom eller trur du kan ha vore utsett for smitte
- Pass på avstand, handhygiene og kvarandre. Ver frisk om du skal i selskap!
Hugs på at situasjonen kan endre seg. Hald deg oppdatert på gjeldande retningsliner på http://www.helsenorge.no og http://www.fhi.no, eller på kommunen si heimeside for eventuelle lokale retningsliner: https://www.bygland.kommune.no/samleside-om-koronavirus.531442.nn.html
Det har dei siste vekene vore høgt smittetrykk mange stader i landet - blant anna i alle dei største studentbyane. Ver venleg å følg råda, og gjer det du kan for å unngå smitte. På den måten gjer du jola tryggar for deg sjølv og dei du møter.
Og, til slutt:
Hjarteleg velkomen heim!