Redusert opningstid i barnehagane
For å sikre ei trygg og forsvarleg drift i høve smittevern, må barnehagane framleis ha redusert opningstid. Den reviderte utgåva av smittevernrettleiar for barnehage legg til rette for meir samarbeid mellom kohortane, og kommunen kan derfor auke opningstida noko. Frå 18.5 blir opningstida i barnehagane frå 7.30 – 15.